EG SER PÅ STEMPELEN PÅ FYRSTE BREVET DITT

Eg ser på stempelen på fyrste brevet ditt.

Det er alt ein månad sidan det kom.

Den tidi har du heimsøkt huset,

lokka meg, støkt meg, skift

frå Ate til grøn erinnye.

I dag fekk eg biletet ditt:

Ei bleik gjente sit åleine

på nokre stokkar

attmed eit skymrande vatn.

Olav H. Hauge, frå samlinga «Spør vinden», 1971